Psykologtidsskriftet

Vestland

Psykologspesialist/­psykolog i Avdeling stemningslidingar

Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen

Ledig fast 100% stilling som psykologspesialist i avdeling stemningslidingar.

Me har no ledig fast 100% stilling som psykologspesialist i avdeling stemningslidingar. Avdeling stemningslidingar har over tid bygd opp avdelinga og du vil no jobbe i lag med høgkompetente kollegaer som ønskjer å stå saman, verdsetje kvarandre og som trivast i lag. Me har no eit godt og robust fagmiljø. På behandlarsida vil du på seksjonen jobbe tett i team med overlegar og LIS. Du vil også få tett oppfølging, fagleg støtte og jobbe i lag med avdelingsoverlegen som har det overordna medisinskfaglege ansvaret på våre to døgnseksjonar. Du vil som psykologspesialist også samarbeide med annen psykolog på avdelingen og inngå i eit fagleg kollegium med andre psykologspesialistar og psykologar i psykiatrisk klinikk.

Avdeling stemninglidingar har to døgnseksjonar og tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Våre seksjonar gir også behandling av bipolar mani ved hjelp av blåblokkerande briller (kronoterapi).

Avdeling stemningslidingar (ASL) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er lokalisert på Sandvikenområdet. Øvrige avdelingar i psykiatrisk klinikk er Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS), Avdeling psykosomatisk medisin.

Som psykologspesialist ved avdeling stemningslidingar vil du ha gode vilkår for kompetanseutvikling og forsking i samarbeid med Forskingseininga. Du vil som psykologspesialist også vere med å forme og påverke tenestetilbodet i det psykiske helsevernet i framtida når det akuttpsykiatriske tilbodet flyttast til Årstadhuset på Haukelandområdet.

Stillinga er ledig etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med hovudsakleg affektive lidingar

  • Kunnskapsformidling internt og eksternt

  • Samarbeid i tverrfagleg team

  • Rettleiing av psylologar og studentar

  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon

  • Psykologspesialist eller psykolog i slutten av spesialiseringa di

  • Ønskjeleg med kunnskap om/interesse for pasientar med stemningslidingar

  • Fordel med erfaring fra sjukehusnivå

  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er oppteken av samarbeid

  • Du bryr deg om kollegaene dine

  • Du bidrar aktivt til eit god arbeidsmiljø

  • Du har engasjement for pasientgruppa/fagfeltet og ønskjer å utvikla kompetansen din vidare

  • Du arbeider strukturert og målretta

  • Du er fleksibel

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer ved avdeling stemningslidingar

  • Fagmiljø i Psykiatrisk klinikk med felles undervisning, spesialistforum og kasuistikkar

  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver

  • Gode moglegheiter til å delta i forsking eller kvalitetsforbetringsarbeid

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Knut Olaf Skårdalsmo

Avdelingssjef

Tlf.: 55 95 87 74

Jan Alexander Steier

Avdelingsoverlege

Tlf.: 55 95 87 78

Lenke til annonse

Søk på stillingen